Gravferd / Kremasjon

Den tradisjonelle gravferda slik vi kjenner ho, går frå kyrkja og til gravplassen. Den kan også gå frå andre lokale. Alle kister skal i vigd jord. Det vil seie til gravplassen og godkjend grav.

Kremasjon er ikkje så mykje brukt på bygda. Ein tenkjer gjerne at dette er dyrt og at ordninga er tilpassa byen.

Vi som arbeider med dødsfall ser ei svak endring. Bisettinga er svært lik seremonien ved kistegravferd og urna er langt lettare å plassere der ein ynskjer på gravplassen. Til dømes i ei slektsgrav, eller i grava til ektefellen.

Skilnaden på pris er heller ikkje så stor. Ekstrakostnadane ligg i kremasjonsavgift og eigenandel av transport til nærmaste krematorium.

Gravferd med kiste vil nok likevel vere det mest vanlege.

 

 

                                                                                                Ditt byrå i bygda